Austevoll kyrkjelyd

.


Jula 2020

Endringar på kyrkjekontoret

Denne hausten er det store endringar på kyrkjekontoret. Nye folk, nymalte rom, nye aktivitetar er berre nokke av det vi kan fortelje om.

Laila Mortensen er ny trusopplæringssmedarbeidar

Hildegunn Stangeland er ny kyrkjelydspedagog

Regine Hatlevik Otterå er satt inn som midlertidig kontorleiar / trusopplæringsmedarbeidar

Karen Kvinge er ny kyrkjeverje

Romma der helseservicekontora heldt til då kommunen var i bygget, er no blitt pussa opp og malt i friske fargar. Her foregår det møtar, konfirmantane har undervisning her, tysdag hadde vi opent hus for dei på 8.trinn og meir aktivitet vil komme.

Ta gjerne turen innom for å sjå kor fint her er blitt og for å slå av ein prat. Vi er også god på å setja på ein kopp kaffe

KAREN KVINGE NY KYRKJEVERJE I AUSTEVOLL

Torsdag 25.juni var det ekstraordinært møte i Austevoll sokneråd. Sak: Tilsetjing kyrkjeverje i Austevoll sokn. Stillinga var utlyst fyrste gong i mars 2020, utan at det melde seg søkjarar. Stillinga var lyst ut på ny med søknadsfrist 10. juni. Denne gongen melde det seg 3 søkjarar.

Desse var;

Espen Selvik, Oslo. Prosjektleiar/rådgjevar

Karen Kvinge, Austevoll. Adm.leiar Austevoll kyrjekontor

Rune Ziener, Askvoll. Kyrkjeverje i Askvoll

Karen Kvinge var den som stod høgast på prioriteringslista både i tilrådinga frå soknerådet sitt arbeidsutval og partsamansett utval. På møte torsdag 25.juni vart ho samrøystes tilsett som ny kyrkjeverje i Austevoll, etter Jan-Tørres Nordstrand. Karen tek til i jobben 01.09.20

Karen er godt kjent i Austevoll kyrkjelyd etter fleire år som kontorleiar og seinare administrasjonsleiar på Austevoll kyrkjekontor. Me trur soknerådet har gjort eit godt og rett val og ynskjer Karen varmt velkomen som ny kyrkjeverje. Lukke til og Guds signing!

Digital kyrkje

Også i kyrkja er det underlege dagar for tida. Fleire av oss har heimekontor. Mange tiltak, arrangement og ikkje minst alt som har med konfirmantane våre å gjere er utsatt inntil vidare. Vi kjenner på eit savn å ikkje vere fysisk ute blant alle våre venar i kyrkjelyden.

Som mange har fått med seg, så har kyrkja hatt fleire innlegg på Facebook. Sokneprest Anne-Marie Sandve og seniorprest Jermod Hausberg har hatt andaktar. Vår nye kyrkjelydspedagog, Hildegunn Stangeland, har også hatt ei lita andakt for oss. Vi er så heldig å ha flotte songarar i kyrkjelyden som også har bidrege. Filming, klipping og redigering er det Audun Instefjord som står bak i tillegg til at han tangerer orgel og piano. Så sjølv om vi ikkje har vært saman i kyrkja og på andre arrangement, så er det godt for oss å kjenna på at mange har vært med oss på Facebook. Og har du ikkje Face, så finn du oss på https://www.austevollkyrkja.no/digitalt-felleskap/ På søndag vert det innslag med Anne-Marie som held andakt for oss og vi får song av Kristine Fagerbakke.

Hildegunn og Audun er også i gong med å lage innslag for born og unge i Austevoll. På søndag vert det samlingsstund for born, som ein søndagsskule. Etter kvart vil det verte innslag for større born, ungdom, unge vaksne.

Eige «studio» har dei rigga til. Foreløpig er det smått med rekvisita. To bamsar har flytta inn. Det er kommen på plass kors, lys, ein engel. Med tida vil dette verta eit spanande rom med mange muligheiter. Vi gler oss til å følgje med på kva som kjem frå dette studioet i tillegg til innslag frå kyrkjene våre.  

Koronavirus - kva gjer vi?

Lokal plan for gjenopning av kyrkjene i Austevoll sokn                                                Oppdatert 16.06.20

Austevoll sokneråd vedtek at kyrkjene i Austevoll kan opnast for gudstenester og kyrkjeleg handlingar med inntil 50 personar + tilsette.                                                                                Etter 14.06.20 vert det opna for inntil 200 personar + tilsette.  Storleiken på kyrkjerommet overstyrer likevel maksimumtalet. Det tyder at i Austevoll sokn kan me ha følgjande antal personar i kyrkjene etter 14.06.20:

Austevoll kyrkje:   95          Storekalsøy kyrkje:   75                                                              Bekkjarvik kyrkje: 50          Hundvåkøy kyrkje:    60                                                              Stolmen kyrkje:     75

Det kan likevel gjennomførast arrangement der kravet til avstand ikkje vert halde når deltakarane er under 20 år.                                                                                                    Personar frå same husstand kan sitja saman. Makstalet kan då overskridast.         

Det skal førast navneliste over alle frammøtte. Dette skjer ved at deltakarane skriv seg inn ved inngongen. Ved bruk av felles penn skal handsprit nyttast etter bruk.                                    Deltakarlista skal oppbevarast i min. 10 dagar. 

Det skal vera munnbind tilgjengeleg i alle kyrkjene

GUDSTENESTER                                                                                                                            Det må informerast tydeleg at personar som kan vera korona-sjuke, har symptoma på luftveisinfeksjon eller er i karantene, ikkje kan delta på kyrkjelege arrangement.

Før kyrkja vert opna for deltakarar skal den vaskast og reingjerast i samsvar med smittevernveiledaren kap. 4.2 «Generelt renhold» og setjast fram antibac ved inngongen, til reingjering av hender.                                                                                                                     Når makstalet for antal frammøtte er nådd vert kyrkja stengd.

Nokre av gudstenestene i Austevoll kyrkje vert streama slik at folk har høve til å følgja med gudstenesta heimefrå. Dette vert gjort kjendt ved annonsering av gudstenesta.

I innleiinga av gudstenesta må det orienterast om kva førehaldsreglar som gjeld ved gjennomføring av gudstenesta.                                                                                                     Det må vera minst 1 meter mellom kvar person. Dette gjeld også ved inn- og utgong og i friluft utanfor kyrkja.                                                                                                                              Berre anna kvar kyrkjebenk kan nyttast. Personar frå same husstand kan sitja saman.                  Salmebøker kan nyttast når det har gått meir enn 24 timar sidan dei sist var i bruk.         Nattverd kan gjennomførast etter gjeldande retningsliner i smittevernveiledaren kap. 5.b.

Personar som er i risikogruppa, som er 65 år eller eldre, bør ikkje gjera teneste utan at dette er drøfta/avklara med desse på førehand.

GRAVFERDER                                                                                                                                  For gravferder gjeld i dei same retningslinene og makstalet som for gudstenester. Dette gjeld også ute på gravplassen. I førekant av gravferda bør ein redusera antal berøringspunkter, m.a. ved å ha open inngongsdør.

Prest/kyrkjeverje bør i førekant av seremonien ha god dialog med gravferdsbyrået slik at dei er kjent med kva reningsliner som gjeld.

DÅP                                                                                                                                                      Når det er dåp i gudsteneste er det høve til å invitera inntil to dåpsfamiliar, som vert plassert på kvar si side i kyrkjerommet. Ellers gjeld dei same retningslinene som ved gudstenester.

VIGSLER                                                                                                                                        Same makstal som for andre kyrkjelege handlingar. Reingjering og smittevern i samsvar med gjeldande retningsliner.                                                                                                               Berre brudepar og forlovarar bør stå ved alteret saman med presten.                              Forutsett god handhygiene kan ekteskapsinngåelse og forbøn utførast på vanleg måte med handspålegging.

BRUK AV TOALETTER                                                                                                                  Berre eit toalett vert gjort tilgjengeleg for bruk. Toalettet skal vaskast både før og etter gudstenesta.

Lokal plan for gjenopning av kyrkjene i Austevoll vert gjort gjeldande frå 14.05.20. Når det ligg føre nye retningsliner frå biskop/kyrkjerådet vil lokal plan for opning av kyrkjene vert endra i samsvar med desse.


Oppdatert 16.06.20 i samsvar med bransjestandard for Den norske kyrkja.

 Jan-Tørres Nordstrand                                                                                                                         Kyrkjeverja i Austevoll

Ta kontakt med oss