Kyrkjelege handlingar

Dåp
Ta kontakt for å avtale dato for dåp, og du vert kalla inn til dåpssamtale i forkant.

Konfirmasjon
Vi har kvart år eit kull med konfirmantar som vert konfirmert på våren.

Bryllup
Vigsel kan også skje i alle kyrkjene våre. Ta kontakt for å høyre om datoen du ynskjer er ledig.

Gravferd
Vi tilbyr begravelse/bisettelse i alle våre kyrkjer. I forkant møter du presten for ei sørgesamtale.

Babysong
Vi har babysong for alle babyar i kommunen med mødre/fedre, på onsdagar i Hundvåkøy kyrkje kl 10.00.

Stolmen kyrkjekor
Stolmen kyrkjekor øver kvar tysdag i Stolmen kyrkje. Her er alle vaksne velkomne til å vera med!

Seniortreff
Den fyrste fredagen kvar månad har vi seniortreff på PO-senteret.

Gudstenester
Kvar sundag har vi Gudsteneste i ei av kyrkjene våre. Nokre gongar i året har vi også utandørs Gudsteneste.

Utdeling av det nye testamentet
Om våren har vi utdeling av det nye testamentet for dei som går i 6.klasse.

Tårnagent-helg
3.klassingane i kommunen får kvar vår vera agentar I kyrkja, og vert litt betre kjend med sjølve bygget. Om søndagen deltek dei på Gudstenesta og framfører det dei har holdt på med om laurdagen.

Lys våken-helg
Om hausten vert det overnatting i kyrkja, der ein skal vera lys våken for kvarandre og Gud. Om sundagen er det Gudsteneste med framføring av det man har holdt på med i kyrkja dagane før.

Utdeling av 4-års bok
Fireåringane vert invitert til å motta 4-års bok om Hausten, der vi i forkant av søndagen med utdeling har ein myldrekveld i kyrkja for å verta litt kjende.