Årets 50-årsjubilantar

08.10.2020

Årets 50-årsjubilantar

Søndag 4.oktober var det igjen tid for årets konfirmantjubileum.

Ein festkledd og feststemt gjeng samla seg først til gudsteneste i Austevoll kyrje ved Jermod Hausberg. Han var så vidt innom sin eigen konfirmasjonstid og litt om korleis undervisninga var. Då som no hadde dei ei lita pause midt i undervisninga. Ein vesentleg forskjell frå hans tid, var at når dei kom inn til andre økt, so lukta det røyk i kyrkja.

Årets mannlege jubilantar satt seg i kyrkja på same plass som då dei gjekk for presten, tett i tett på bakarste benk. Jentene sat lengre framme og med avstand.

Også i år tende vi lys for dei som har gått bort. Heile 12 lys tende vi i år.

Etter gudstenesta var det middag og sosialt samvær på Bekkjarvik gjestgiveri. Her var det dekka til flott, pynta bord og vi fekk god middag, dessert og til slutt var det marsipankake og kaffe i salongen. Med andre ord, vi vart god og mett!

Praten gjekk lett blant jubilantane og det vart mykje latter. Vi hadde også ein presentasjonsrunde. Det er kjekt å høyre i korte trekk kva kvar og ein har bedreva med opp gjennom åra.

Grunna korona, så var nokken skeptisk til å delta, men etter kontakt med kommunelegen så bestemte vi oss for å stå løpet ut.