Årsmelding for Austevoll kyrkjelyd 2019

Austevoll Sokneråd 2016 - 2019

Faste representantar: Per Nordstrand (leiar) Eivind Hatlevik (nestleiar)  Hans Magnus Drønen, Rolf Tore Hellesøy, Elisabeth Kalvenes, Daniel Torsvik, Ingelinn M. Hausberg,                        Øystein Rabben, Hans Reidar Njåstad,  Audun Instefjord og sokneprest Anne-Marie Sandve

Vararepresentantar: Edvard Johannes Stangeland, Arne Kalve Klepsvik, Lars Hennin Våge  Karen Marie Rabben og Inger Anne Mortvedt

Kommunal representantar:  Isabell Heggen,  Renate Møgster Klepsvik

Soknerådsvalet 2019 September 2019 var det val på nytt sokneråd for perioden 2020 - 2023.  Det vart avgitt 1084 røyster. I Austevoll sokn er det 3305 røysteføre tilhøyrande Den norske kyrkja. D.v.s at 32.4 % av soknet sine medlemmer røysta ved valet. På landsbasis var deltakinga 11.8%.

Austevoll sokneråd 2020 - 2023 ser då slik ut:

Faste representantar: Per Nordstrand (leiar), Eivind Hatlevik (nestleiar), Hans Halstensen, Rolf Tore Hellesøy, Hilde Elisabeth Klepsvik, Inger Anne Mortvedt, Randi Lise B. Storebø,                    Edvard Johannes Stangeland, Hans Reidar Njåstad, Mons Olav Økland, sokneprest Anne-Marie Sandve

Vararepresentantar:  Arne Kalve Klepsvik, Hans Magnus Drønen,  Daniel Torsvik, Anne Marie O. Halstensen, Lars Knut Aarland

Kommunal representant: Renate Møgster Klepsvik, Joon Raymond Haugland, 

SOKNERÅDET Austevoll soknerådet har hatt 8 møter i 2019 og handsama 27 saker etter § 14 i kyrkjelova, "fellesrådssaker," og 21 saker etter § 9, "soknerådssaker."

Saker det har vore arbeida med er m.a.: Kyrkja sin dag, Stilling kateket/kyrkjelydspedagog Utlysing stillingar/tilsetjingar, Soknerådsvalet 2019, Kyrkjelyden sin julefest, HMS-arbeid Budsjett/Rekneskap/Revisjon, Div konsertar. Maling Austevoll kyrkje,                                  Vedlikehald Storekalsøy kyrkje,  Frivillighetsfest

BUDSJETT 2019

Budsjett kr.9.254.450,-

Budsjettet fordeler seg slik: .

Administrasjon kr. 2.221.450,- kr. 2.196.450,-

Kyrkjer kr. 3.645.000,- kr. 2.759.000,-

Gravplassar kr. 1.270.000,- kr. 1.280.000,-

Andre kyrkjelege føremål kr. 523.000,- kr. 523.000,-

Trusopplæring kr. 1.595.000,- kr. 1.620.000,-

REKNESKAP 2019

Førebels rekneskap 2019 er gjort opp med eit netto rekneskapsmessig underskot på kr. 1.060.683,-. Årsaka til dette er at kr. 6.000.000,-, som Austevoll kommune i 2018 løyvde til vedlikehald av kyrkjene, vart løyvde over kommunen sitt investeringsbudsjett. Det har medført at vedlikehald som er gjort over soknerådet sitt driftsbudsjett ikkje kan førast som investeringsmidlar i rekneskapen, noko som i neste omgong fører til underskot på soknerådet sitt driftsbudsjett. Saka er drøfta i møte med Austevoll kommune, der også revisor var til stades. Ut frå det ein vart samde om i møte, har soknerådet handsama saka og ut frå gjeldande føreskrifter definerer kva av vedlikehaldet som er drift og kva som er investering. Ut frå dette vil Austevoll kommune gjera eit endringsvedtak, som i neste omgong vil føra til endring i rekneskapen for 2019, og då til det betre.

Driftskonto pr. 31.12.19: kr. 433.526,- 31.12.2018: kr. 674.348,-

Driftsfond pr. 31.12.19: kr. 165.255,- 31.12.2018: kr. 205.703,-

Midlar div. føremål pr. 31.12. 2019 2018

Stolmen kyrkje kr. 67.124,-

Austevoll kyrkje kr. 369.440,-

Hundvåkøy kyrkje kr. 38.420,-

Bekkjarvik kyrkje kr. 8.339,-

Storekalsøy kyrkje kr. 4.928,-

Møkster kapell kr. 6.000,-

Trusopplæring kr. 376.250,-

Misjonsprosjekt Madagaskar kr. 31.459,-

Innsamla midlar 2019

Gjevartenesta kr. 66.400 kr. 67.400,-

Fasteaksjonen kr. 38.404,- kr. 38.614,-

Føring rekneskap / Revisjon

Rekneskapen vert ført av Akasia Rekneskap. Revisor er KPMG A/S.

VEDLIKEHALD

For perioden 2018 - 2020 har Austevoll kommune løyvd kr. 6.000.000,- til vedlikehald av kyrkjene. Rundt halvparten av midlane er brukt på Storekalsøy kyrkje, som no framstår som nesten ny. Kostnad kr. 3.274.000,-. I tillegg har fått gjort eit grundig arbeid på Austevoll kyrkje i form av maling litt takarbeid. Kostnad kr. 796.343,-. På Møkster har me fått retta opp og restauret ringehuset ved Møkster gravplass. Kostnad kr. 35.000,- + dugnad.

For 2020 har soknerådet prioritert maling av Bekkjarvik kyrkje og nytt kobbertak på tårnet i Stolmen kyrkje.

GRAVPLASSAR

Totalt sett er Austevoll kommune godt dekka i forhold til antal ledige graver, slik lova krev. Med utgongspunkt i dei resursar soknerådet har til rådvelde, må vedlikehaldet på gravplassane seiast å vera tilfredsstillande. Det er sjølvsagt ei utfordring i sumarhalvåret når graset veks på det meste, samstundes som ferien skal avviklast. Me er difor avhengig av å leiga inn ekstra slåttehjelp i tillegg til kyrkjegards-arbeidaren.

DET ÅNDELEGE LIVET I KYRKJELYDEN

I kyrkjelyden vår, er det gudstenesta som er navet. Der kjem vi saman, der døyper vi borna våre, der tek vi imot nattverden, der samlast vi om Guds ord og ber saman. Og ikkje minst ; vi syng, til Guds ære og til oppbygging og fellesskap. Når Moses fekk i oppdrag å føra israelsfolket ut frå Egypt, så går han til Farao og ber : «så seier Herren, Israels Gud : Lat foket mitt fara, så dei kan feira høgtid for meg i ørkenen». Det er ei viktig side ved det å vera Guds folk at vi samlast til gudsteneste.

Dette året har vi hatt 62 gudstenester i soknet. Gjennomsnittet på deltakarar er 133 ( 121 i fjor). Det er gledeleg å notera ein oppgang. Nattverdsnittet er også auka til 32 ( 29 i fjor). Naturleg nok er det dei store gudstenestene med konfirmasjon og julaftan som dreg opp snittet. 4 søndagar i året har vi gudsteneste på Møkster. Der hadde vi eit snitt på 15 deltakarar. Desse gudstenestene er det einaste som skjer av kyrkjeleg verksemd på øya så dei vil vi prioritera også framover. I vår hadde vi utdeling av NT og i haust utdeling av 4 årsbok. Fast julegudsteneste er 4. søndag i advent. Det er den gudstenesta som samlar mest folk.

Som tidlegare år har vi hatt konfirmantar med som bidrar med lesing, bøn og dramatisering av bibletekstar. Dei gjer ein fin innsats til inspirasjon for oss alle.

Året starta vi med ei gudsteneste utan stråling. Det skjedde i Bekkjarvik kyrkje. Det vert ei spesiell stemning utan elektrisk lys, lyd og med piano som instrument.

Også i år har vi hatt kyrkja sin dag og gudsteneste i høve kystsogedagane i Bekkjarvik. Begge desse vart inne i år. 2. juni hadde vi gudsteneste i Vinnes aktivitetshus. Vi skulle vore ved «Møllo» i Vinnesvågen og mange hadde gode minner frå sist «kyrkja sin dag» der i 2011. Når veret vart slik det vart, var aktivitetshuset eit godt alternativ. Fullt hus, god song, fine innslag frå barn og Øystein Rabben som stod i døra og tok imot.

18. august feira vi gudsteneste i Løo i Bekkjarvik. Også det eit godt alternativ. Song av Marianne Bye Granheim, 3 dåp og fullt hus også der.

Utanom gudstenester og kyrkjelege handlingar har 2019 vore eit år der vi har måtta bruka resursane på å oppretthalda tiltak i trusopplæringa. Seniortreff og andaktar på PO senteret er også samlingar som vi prioriterer høgt.

Kyrkjelege handlingar

Frå 2019 og framover vil den norske kyrkja ha fokus på dåp. Dåpsprosenten blant medlemmene går ned. På landsbasis, var det 75% av medlemmene som døypte borna sine i 2018.

Vi får ikkje lenger tilsendt fødselsmelding frå sjukehusa. Vi kan difor ikkje senda ut invitasjon til familliane som får barn. Vi er avhengige av at foreldre tar kontakt. For 2019 kan det sjå ut som dåpstalet går ned også i Austevoll. Vi har hatt 46 dåp, 38 av dei barn som bur i soknet. Det er født 59 barn i kommunen. ( då veit vi ikkje kor mange av desse som er medlemmer av kyrkja). Vi har dåpsførebuing med alle som melder dåp. Det er viktige samlingar der vi førebur foreldrene på korleis dåpen føregår i kyrkja . Like viktig er samtalen om kva dåpen gir oss, kva vi trur på og til slutt kva det vil sei å ta ansvaret for kristen oppseding. Då informerer vi om trusopplæringsplanen vår. Vi har alle ansvar for borna vi døyper, både foreldre, fadrar og kyrkja. Av dei som kjem til dåp, opplever vi at dåpen er ein viktig tradisjon og at det er viktig at barn får del i det dåpen gjev og blir ein del av fellesskapet i kyrkja.

Vi har nå innført ein praksis med at heile kyrkjelyden reiser seg og syng ein velsigningssong for dåpsborna. Slik blir vi minna på at kvart nytt barn er ei glede og eit ansvar for heile kyrkjelyden.

Talet på gravferder er naturleg nok stabilt, sjølv om det varierer litt frå frå år til år. I 2019 har det vore 44 gravferder . Vi minnast dei som er gravlagde på allehelgensdagen. Dette er ein fin tradisjon som samlar mange pårørande som vil minnast sine kjære som er borte.

Antal vigslar ser ut til å ha ein liten auke. Noko av forklaringa er at det kjem fleire utanifrå som har bryllaupsfesten på gjestgiveriet i Bekkjarvik. At det no også er tilbod om borgarleg vigsel i kommunen gjer at ein del vel dette.10 par nytta seg av denne ordninga i 2019.

Frå sommaren 2019 har Jermod Hausberg vore fast vikar ved frihelger og i feriar. Det har vore ei god ordning for kyrkjelyden å ha in prest til som er busett i soknet og er kjent i kommunen .

STATISTIKK                               2019                  2018                2017                 2016

Forordna gudstenester                 62                      65                    67                     62

Frammøtte:                                8.146                   7.873               7.978                7.908

Snitt frammøtte                             133                      121                    119                    127

Nattverdsgjester                          974                    929                  1022                  922

Døypte busett i soknet                  37                      58                      45                    66

Vigde tilhøyrande                           10                        5                       10                    12

Vigde ikkje tilhøyrande                   4                         8

Gravlagde                                      44                       40                       47                   35

Innmelde i kyrkja                              1                          1                          1                      1

Utmelde av kyrkja                           18                         9                         6                   33

Konfirmantar                                   67                        65                      55                   46

Fast gjevarteneste                 66.400                  86.700               46.700           48.800

Offer/kollektar (Totalt)             252.119                 230.170              240.997        249.249

Til eiga verksemd                    93.914                 101.050                 113.713         140.809

Gåver /innsamlingar               102.944                  56.749               178.277         277.723

TRUSOPPLÆRING

Trusopplæringsarbeidet er kyrkjelyden si hovudsatsing. Arbeidet har som føremål å medverka til systematisk og samanhengande opplæring ved å

¤ vekkja og næra den kristne trua.

¤ gje kjennskap om den treeinige Gud

¤ medverka til kristen livstolking og livsmeistring.

¤ utfordra til engasjement og deltaking i kyrkje og samfunnsliv.

Trusopplæringstiltak:

¤ Dåpssamtale/dåp,

¤ Babysong

¤ Utsending av dåpshelsingar til eit- og toåringar

¤ Utdeling av 4-årsbok med «myldrekveld» og gudsteneste påf. søndag

¤ Tårnagentar, 3.trinn

¤ Utdeling NT 5.trinn

¤ Lys Vaken 6.trinn

¤ Etter Skuletid 1.- 3.trinn (Våren)

¤ iSing «Austevoll Barnegospel» (Våren)

¤ Konfirmantarbeid

Babysong er eit populært tiltak som vart starta opp i år 2000. Frammøte ha vore godt. I Bekkjarvik kyrkje starta me på ny opp med babysong denne hausten, og her har frammøte lagt på rund 10 babyar. Også i år har me hatt ei samling med babysong på Austevoll PO-senter. Eit særdeles vellukka tiltak. Gripande å sjå livsglansen i augo til bebuarane når dei fekk vera saman med alle desse små, og ikkje minst når dei fekk halde dei og kosa med dei. Dette må bli ein tradisjon. Stor takk også til våre friviljuge medarbeidarar som trufast stiller opp og gjer dette tiltaket mogeleg.

Tårnagentane er ei samling for dei som fyller 8 år og går av stabelen i slutten av januar. Her samlar me rundt 30 born for å bli betre kjent i kyrkja. Me går på skattejakt og leitar etter symbolar og andre gjenstandar som fortel noko om kyrkja vår. Alltid er det eit eller anna som er borte og som me ikkje finn, og då må me ha hjelp av politiet, som alltid er velviljug og stiller opp. Eit av høgdepunkta på laurdagssamlinga er å få koma høgast opp i tårnet og få sjå og høyra kyrkjeklokka. Litt nifst synest nokon, men spanande. Me øver og dramatiserer søndagens preiketekst og eit par songar som me skal opptre med, m.a. Tårnagentsongen. Høgdepunktet i helga er gudstenesta på søndag der alle tårnagentane på eit eller anna vis deltek i gudstenesta. Nokre står ved døra og ynskjer velkomen, nokre hjelper til med preika, andre med dåpen, alle er med å syng. Gudstenesta vert avslutta med utdeling av diplom og kyrkjekaffi.

Lys Vaken er det mest krevjande tiltaket me har i trusopplærings-arbeidet vårt. Her samlar me rundt 40 deltakarar til eit variert program med overnatting i Hundvåkøy kyrkje. I tillegg til deltakarane så er det engasjert meir enn 30 friviljuge. Det er foreldre, og nokre konfirmantar. Programmet varierer frå alvor til leik og øving til gudstenesta på søndagen. Nokre av deltakarane har nok feiltolka dette med «Lys Vaken» og trur at her gjeld det å vera lys vaken heile natta. Men «Lys vaken» tyder at me er lys vaken for kvarandre, lys vaken for verda, og lys vaken for Gud. Men også at Gud er lys vaken for oss. Gudstenesta på søndagen er reine festgudstenesta, der alle 11-åringane er engasjert på eit eller anna vis. Her tek dei ut resten av det som er igjen av energi og det med stor glede.

Etter skuletid:  Hausten 2017 vart det starta opp eit nytt tiltak, «Etter skuletid». Det var trusopplæringsar-beidarane våre Marta D. Hatlevik og Kari Fjeldstad som tok initiativ til tiltaket og har vore ansvarleg for gjennomføringa. I tillegg har dei hatt med seg fleire friviljuge medarbeidarar som har gjort ein framifrå innsats. Rundt 30 deltakarar, frå 1. til 3., klasse vart kvar torsdag henta etter skuletid, kl 11.30, på Storebø skule og teke med ned i dei nye lokala våre i tilknyting til kyrkjekontoret..Frå kl. 13.30 og fram til kl 15.30 var det barnegospelkoret «i-Sing» som øvde. Sidan begge trusopplæringsarbeidarane sa opp stillingane sine, har det ikkje vore mogeleg å oppretthalda dette tilbodet etter ferien.

Søndagsskule:  Det vert framleis drive søndagsskule i nokre av bygdene våre. Dette er i regi av bedehusa. Eit viktig og godt trusopplæringsarbeid. Det er eit stort sakn at søndagsskulane i fleire av krinsane i kommunen er lagt ned. Det er no søndagsskule på Selbjørn, Vinnes og Drøna/Rostøy. Her er det eit godt og aktivt søndagsskulearbeid. Fint at også folk frå nabokrinsane støttar opp om desse tiltaka.

Det er eit sakn at me ikkje har tilbod om søndagsskule når me samlast til gudsteneste. Dette voner me å koma igong med i 2020.

Konfirmantarbeidet fortset stort sett over same lest som dei siste åra. I tillegg til tradisjonell undervisning har vi hatt 3 seminar. Det er eit om rus, eit av konsulentar frå Menneskeverd og det siste om sosiale media, om kroppspress, sexpress gjennom reklame og alt som dei møter på nettet. Konfirmantkullet skiftar midt i året. Til våren vart 67 konfirmerte.( det er 91% av dei norske elevane på trinnet)

2019 var første året vi har hatt konfirmasjon ein laurdag. 20 unge vart konfirmert laurdag 27. april i kyrkje på Storebø. Då hadde vi bare ei gudsteneste om søndagen med 18 konfirmantar. Det er praktiske årsaker til at det for mange passar betre med ein laurdag. Frå hausten av starta 46 ungdomar, det er eit lite kull og prosenten omtrent den same. Vi deler nå kullet i to og har difor undervisning kvar onsdag. I haust har seniorprest. Jermod Hausberg hatt noko undervisning. Elles er det soknepresten som har hatt ansvaret for konfirmantane dette året utan kyrkjelydspedagog. I haust reiste vi for andre gong på ein felles leir som bispedømme arrangerte, denne gongen i Knarvik.

Vi har nå gjennomført med siste kullet at alle skal vera med på eit tiltak i trusopplæringa som ein del av sitt konfirmantopplegg. Målet har vore å visa at det å vera kristen også er å bidra. Ikkje bare ta imot. Det starta med eit litt anna opplegg for ein god gjeng som var med som medhjelparar på Stjernecupen (Idrett for psykisk utviklingshemma) som i år vart arrangert i Austevoll. Her gjorde ungdommane ein fantastisk innsats på sidelinja med å heia og som medarbeidarar i kiosken m.m. Dei andre har deltatt med 4 åringar, «lys vaken» og «Tårnagenthelg» Det har vore god hjelp og mange gjev uttrykk for at det er kjekt å få hjelpa til.

Samarbeid barnehage/skule:  Kyrkja i Austevoll har god kontakt med barnhagane og skulane i kommunen. I advent er alle barnhagane med på samling i kyrkjene med framføring av juleevangeliet, der borna får delta. Det er skulegudsteneste i Austevoll kyrkje for Storebø skule og Montessoriskulen. I Bekkjarvik kyrkje for elevane på Selbjørn skule. På begge desse skulane er det no så mange elevar at vi må ha 2 gudstenester, ei for småskulen og ei for dei på mellomtrinnet. Austevoll ungdomsskule har eigen gudsteneste. Flinke elevar er med og har soloinnslag og les juleevangeliet. Me opplever at desse gudstenestene vert sett pris på og me er glad for det gode samarbeidet me har me skulane.

Påskevandring: Til påske har vi påskevandring for 1.klasse i barneskulane. To i Austevoll kyrkje og to i Bekkjarvik kyrkje. Då er alle i staben engasjert i dramatisering av påska sin bodskap. Dei siste åra har me også hatt besøk av elevar frå Storebø skule som kjem til kyrkja for å besøkja gravplassen. Inne i kyrkja snakkar vi då om korleis ei gravferd går føre seg og borna får stilla spørsmål, m.a. om døden.

DIAKONI: Det er utarbeida diakoniplan for kyrkjelyden. Satsingsområde har vore besøksteneste og besøk på bufellesskapet. Det har synt seg vanskeleg å rekruttera frivillige til besøksteneste, men eit par medlemmer i kyrkjelyden har gått på besøk på PO senteret. Det har ikkje vore besøk på bufellesskapet dette året. Desse samlingane vart avslutta før sumaren 2018 då fleire av dei som møtte er gått bort. Kyrkjelyden sitt engasjement mellom fiskarfamiliane på Madagaskar må også sjåast som eit diakonalt tiltak. Seniortreffa på PO-senteret er svært populære. Me samlast den 1. fredagen i kvar månad og alltid til fullt hus. Her samlast pensjonistar frå heile Austevoll, men det er også eit tiltak for bebuarane på PO-senteret og dei som bur i omsorgsbustadane. Dette året fekk me kr. 20.000 frå kommunen slik at me stundom kan leiga inn profesjonelle aktørar som bidreg til stor glede. Kvart treff vert avslutta med varm mat som vert kjøpt på PO-senteret.

Andre diakonale tiltak har vore:

¤ Gudsteneste i advent for personar med nedsett funksjonsevne 

¤ Seniortreff fyrste fredag i månaden.

¤ Minnegudsteneste på Allehelgensdag

¤ Møte om sorg for etterlatte

MISJON: Austevoll kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt på sørvest kysten av Madagaskar er no inne i sitt 4. år Engasjementet har eit klart diakonalt preg, der målsetjinga er å skapa ei plattform for utveksling av kunnskap og erfaring som kan koma fiskarfamiliane på Madagaskar til nytte. Prosjektet blir fulgt opp av programmet, Empower FLM (Den Lutherske kyrkja på Madagaskar). FLM er også ansvarleg for prosjektet «Use Your Talents» på Madagaskar og det er denne metodikken som vert lagt til grunn også i prosjektet Austevoll sokneråd har starta opp. I den siste framdriftsrapporten som soknerådet har fått er svært oppløftande. Det vert framheva at Austevoll sokneråd sitt engasjement har medvirka både til iver og optimisme.

Forutan fleire større samlingar-/seminar for fiskarar og fiskar-familiar, som t.d. «Fiskarens familieverkstad», kurs og opptrening av lokale animatørar, nemner dei m.a. oppstart av fleire mindre bedrifter innan fiskeri og fiskeutstyr. Oppdrett av gris, fjærfe, tare og tang. Nokre stader er det starta opp forretningskontorer, der dei får hjelp til å omsetja produkta sine, og å setja opp arbeidsplanar. Dei får også hjelp til å setja opp budsjett og eit sunnare kosthald. I eit av distrikta er det starta opp syskule med 30 studentar. I eit anna distrikt melder dei om at fiskefangsten har auka frå ca 2 kg. pr, dag til ca 5 kg. pr. dag. Dette p.g.a. auka kunnskap om fiske og utbetring av fiskeutstyr.

Dette er eit lite knippe dømer på kva som skjer og kva Austevoll kyrkjelyd får vera med på. Vårt bidrag i 2019 var kr. 70.000,- som i hovudsak går til å dekka utgifter til kurs, seminarer og reiseutgifter. Det som skjer av opplæring ute i distrikta skjer på friviljug basis. Det er naturleg å tenkja dette berre er ein dråpe i havet, men i framdriftsrapporten kan me lesa at rundt 6000 personar har delteke på kurs, seminarer og lokale tiltak. Dette er eit imponerande tal når me tenkjer på kva ringverknader dette har. Også dei lokale leiarane og leiarane for «Use Your Talent» sentralt, er overraska over engasjementet og interessa for prosjektet, og ikkje minst, dei konkrete resultata dette har ført til på så kort tid.

KYRKJEMUSIKALSK VERKSEMD

I august gjekk organist Maria Kuleshova ut i permisjon, og Audun Instefjord gjekk inn som vikar. Audun har fungert særs godt i stillinga og me ser fram til vidare samarbeid i vikarperioden.

Det er eit kyrkjekor i kommunen, Stolmen kyrkjekor. Koret har halde eigne konsertar og delteke på gudstenester både i Stolmen kyrkje og Austevoll kyrkje.  Grunna Maria Kuleshova sin permisjon er det vikarorgansist Audun Instefjord som har det musikalske ansvaret for koret.

Kyrkjelyden sitt barnegospelkor «iSing» hadde faste øvingar kvar torsdag våren 2019. Grunna endringar i staben, har koret ikkje vore i funksjon etter ferien.

Elles har det vore fleire konsertar i kyrkjene med t.d. Marianne Juvik Sæbø saman med DIVISI, Hardangerkoret med «Sommerlandet» og Br. Nordstrand i Austevoll kyrkje og Maria Kuleshova saman med Marianne Bye Granheim i Stolmen kyrkje. Austevoll kulturskule nyttar også kyrkjene til sine adventskonsertar.

Julemusikalen som to gonger tidlegare har vore framført i Storekalsøy kyrkje skal oppførast på nytt i november 2020. I heile 2019 har det vore øvingar i Hundvåkøy kyrkje og i Storekalsøy kyrkje.

FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR

Utan friviljuge medarbeidarar ville det ikkje vore mykje aktivitet i kyrkjelyden vår. På lista over friviljuge medarbeidarar har me meir enn 100 personar som stiller opp i ulike samanhengar, alt frå bøneteneste til babysong, gudstenester og ulike trusopplæringstiltak. På eit arrangement som «Lys Våken» er me rundt 40 friviljuge og tilsette. I tillegg til dei friviljuge er det også mange foreldre og føresette som stiller opp og gjer ein stor innsats. Alle fortener dei stor takk.

«Frivillighetsfesten» var dette året i Løa til Inge. Her var det program med «Han Innante» og ein del musikalske innslag i tillegg til kaffi og eit framifrå kakebord. Frivillighetsfesten er ei viktig markering av, og ei takk for innsatsen, som dei friviljuge utfører.

MEDIA OG KYRKJEBLADET:  Austevoll kyrkjeblad kom i 2019 ut med 4 nummer og sendt ut til alle husstandane i kommunen og nokre abonentar utanfor kommunen. Vi veit at bladet blir teke godt imot, og at det vert lest. Bladet er vår fremste kanal ut til kyrkjelyden, her er kunngjeringar om kva som skjer, og reportasjar om det som har skjedd, og elles anna aktuelt og oppbyggeleg stoff.

Kyrkjelyden er på Facebook og har heimeside. Vi er ikkje nøgd med heimesida slik den har fungert. Den er for tungvindt å administrera, noko som igjen fører til at den har vore litt mangelfull. Vi arbeider no for å betra dette.

TIL SLUTT:  Mykje kunne seiast om året som er gått, men fyrst og fremst ei stor takk for den tenesta me får stå i. Takk til tilsette, takk til friviljuge, takk til alle dykk som står saman med oss i trusopplæringsarbeidet, og takk til foreldre og føresette som kjem med borna dykkar. Å møta dei forventningsfulle augo, anten det er for få kyrkjeboka si, eit nytestament, eller andre trusopplæringstiltak, er dette augneblikk som varmer og gjev glede. Men også som fyller oss med audmjukhet og alvor i forhold til det store oppdraget me får tena i.

I dåpen tek foreldre og kyrkja på seg eit felles ansvar når me lovar å oppdra den vesle i den kristne trua. Gjennom all den positiviteten me møter frå foreldre og føresette i forb.m dei ulike trusopplæringstiltaka opplever me at dei fleste ynskjer å ta denne lovnaden på alvor. Det er fint å oppleva og det skal de ha stor, stor takk for. Nokre stader er t.d. «Lys Vaken» blitt avlyst fordi det er så få som har meldt seg på. Dette året opplevde me at 65% av dei døypte deltok på arrangementet. Det seier noko om at austevollingen er glad i kyrkja si og set pris det kyrkja står for og som me gjerne vil dela vidare.

Takk også til Austevoll kommune som no har teke eit skippartak for at kyrkjene våre skal bli teken vare på og framstå som den juvelen dei er i bygdene våre. edit...