Tusen takk, Jan Tørres

18.10.2020

Austevoll kyrkje var koronafylt på avskjedsgudstenesta for Jan Tørres Nordstrand i dag.

Med dåp, ein flott preik, vakker song av Kristine Fagerbakke og Astrid Ana Felix Arenas akkompagnert av Maria Kuleshova på piano, vakre salmar vart dette ei gudsteneste heilt i Jan Tørres si ånd. Det heile vart avslutta med postludium komponert av Steinar Christensen. Stykkes kalla han «Joy of music» og var dedikert Jan Tørres.

Etter gudsteneste var det tid for festsamvær i kultursalen på Storebø skule. På menyen sto deilig lapskaus frå Kakeriet og kvit dame, kringle og kaffi etterpå. Og som seg hør og bør vart det underhaldning, gåvar og fleire talar. Mange ville gje den nye pensjonisten ei takk og gode ord når han no går inn i ei ny tilværelse.

Jan Tørres starta som kyrkjelydsekretær i 1978. Då den norske kyrkja vart skilt frå kommunen i 1997, vart han tilsett i den nyoppretta stillinga som kyrkjeverje. For mange har han vært kyrkja i Austevoll. Han har vore med oss i sorg og glede, han har hatt ei rekke båreandaktar, ingen julaftan utan Jan Tørres, han har bidrege med song, andaktar på PO-senteret, vore slåttekar ++++ Og ikkje nokke av dette står i arbeidsinstruksen. For Jan Tørres har ikkje dette vore ein jobb, det har vært meir ein livsstil.

Og for sitt engasjement og virke for kyrkja i Austevoll vart han i dag tildelt medalje for lang og tru teneste. Verkeleg fortent!

Ei stor takk til Jan Tørres og vi ønskje lukka til og Guds velsigning som pensjonist. Heldigvis så er han ikkje så langt unna, og vi vil fortsett få sjå han i og rundt kyrkja i Austevoll