Bøn i korona-tider

16.03.2020

Herre Jesus Kristus,

Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.

Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.

Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.

Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.

Kom med din fred til dei som er redde.

Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.

Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien.

Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.

Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.

Miskunna deg over oss, Herre Jesus.