Eg vil gjerne ynskja folket i Austevoll ei god adventstid.

Advent er ei tid der vi pyntar og tenner lys i heimen og ute. Det kan vi fortsatt gjera og vi gleder oss over det. Her gjeld ikkje smittevernet.
Når det gjeld aktivitetar i kyrkja, så er jo det avgrensa nå.
I følge dei nasjonale smittevernreglane, kan vi bare vera 50 på ei gudsteneste / arrangement i kyrkja.
Vi har gudsteneste kvar søndag i adventstida . Frå nå av vil det alltid vera påmelding. Og vi må registrera alle som er til stades. Gudsteneste der det er meir enn 1 dåp, vil vanlegvis vera reservert for familiane.
Pr i dag, er det ikkje planlagt nokon konsertar i kyrkja. Vi vil sakna det, men kan ikkje overstyra reglane.
Gudstenester / julevandring med barnehagane vil vi gjennomføra, dei er ikkje så mange barn på kvar gruppe. Vi har også ein plan med fleire gudstenester for kvar skule. Smittesituasjonen lokalt før jul vil avgjera om vi kan få til det.
Vi har plan for julaftan med 11 korte gudstenester. To i kvar kykje unntatt Storebø, der blir det tre. Det vil bli påmelding til desse. Det kan sjå ut til at maxtal på 50 vil gjelda fortsatt når vi kjem til jul.
Vi har også planar om å spela inn eit «vi synger julen inn « som vi legg ut på julaftan for eldre og andre som ikkje kjem seg til kyrkja.
Så blir det jul i år og om det blir annleis.
Anne-Marie Sandve
Sokneprest