Gudsteneste 31.januar

Søndag 31. januar inviterer vi til nattverdgudsteneste i Storeklasøy kyrkje kl 11 og kl 12. Koronarestriksjonane tillet oss nå å vera 10 deltakarar på ei gudsteneste. Vi har ikkje hatt nattverd i kyrkjelyden sidan siste søndag i oktober. Når vi nå må vera så få, så kan vi gjennomføra nattverd med gode smittereglar. Det blir ei forkorta gudsteneste med ein kort andakt og song av Jan Tørres Nordstrand.
Ikkje ver redd for å melda deg på. Kankje er det akkurat du som treng dette på søndag.
Vi kjem til å spela inn starten på gudstenesta med andakt og song. Ingen av deltakarane vil bli filma. Dette blir lagt ut i etterkant.
Vi veit ingenting om kor lenge dette vil vara derfor må vi bruka dei høva vi får til å møtast. Neste søndag vert det ei lukka dåpsgudsteneste.
Det er også høve til å ta kontakt med presten for å få nattverd enkeltvis i kyrkja. Det kan like gjerne skje ein kvardag.
Påmelding på e-post : austevoll.kyrkjekontor@kyrkja.no eller telefon 55082600 eller direkte til prest as849@kyrkja.no eller telefon 95441204