Inger Marie Møgster kommunen sin årets frivillige

12.12.2021

Ein kveld i november sendte kontorleiar Regine ein melding til meg. «Inger Marie?» sto det. Eg sende eit ? i retur. Like etter tikka det inn ein melding til, ein link til Austevoll kommune som oppfordra innbyggarane til å sende inn forslag på årets frivillige. Dermed vart det ei «Jaaaaaa» i retur

Allereie ved neste midnatt gjekk fristen ut, så her måtte det skrivast og tidleg på morgonen, før morgonkaffien, var søknaden i boks

Vekene gjekk, og ein dag ringte kommunen sin frivillighetskoordinator, Margrethe Utkilen. Juryen falt for søknaden vår og kandidaten vår vart valt til årets frivillig. Jubelen sto i taket!! Familien hennar var informert og dette skulle haldast hemmeleg. Er det nokke vi er god på på kyrkjekontoret, så er det å halda på teieplikta.

Kyrkja i Austevoll er så heldig å ha fleire frivillige. Utan dei hadde vi ikkje klart å gjennomføre alle tiltak, gudsteneste og arrangement vi har i løpet av året.

Likevel er det ei som skil seg litt meir ut, og det er damen med det store hjartet, Inger Marie Møgster.

For mange år sidan tok tidlegare kateket her i Austevoll, Terje Dale, med seg ein gjeng damer inn til Frelsesarmeen i Bergen. Han hadde høyrt at dei hadde nokke som dei kalla babysong. Blant desse damene var også Inger Marie, og dette tente ho på og syntes det virka so fantastisk!

Ho har no vore med på babysong sidan det starta for 20 år sidan. 20 onsdagar i året har vore hellig for ho. Då er ho på plass i Hundvåkøy kyrkje frå kl 10.00-12.00. Når vi veit at det har vore eit snitt på 12-13 born kvart semester, so kan ein sjølv rekna ut kor mange som har vore med på dette.

Det er mange små som kallar ho for «Tomba»-damo. Dette kjem av ein av de mange songane som er sungen opp gjennom åra. Kvar og ein av dei små har ein spesiell plass i hjarta hennar. Og ikkje berre den tida dei er på babysong. Inger Marie ser dei vidare opp i åra. Så når dei er konfirmantar, så er det hennar små som kjem der i kvite kappar.

Inger Marie Møgster har vore og er ein ildsjel, som har vore med og utforma dette flotte tiltaket vårt, vore med i 20 år = ein trufast frivillig som bidreg til å gje dei små og foreldra deira ein fine opplevelse

I tillegg til babysong, kan ein rett som det er sjå henne som medliturg i kyrkja.

Det var stort å vera med då Inger Marie Møgster i dag fekk Austevoll kommune sin pris for «Årets frivillig». Ordfører Morten Storebø sto for utdelingen og kom med mange og velvalde ord. Heile den store og fine familien hennar var på plass i Austevoll kyrkje utan at mor sjølv visste nokke. Det var ikkje berre familien som vart rørt. Det rann ei tåre frå mange auge

Kyrkja i Austevoll er så takknemleg for at vi har Inger Marie med oss på laget, og gratulerer ho so mykjemed prisen. Den er så velfortjent!