Kyrkja i koronatider

16.03.2020

Til alle i Austevoll kyrkjelyd

Kyrkja skal vera ein stad der folk samlast både til kvardags og til fest, men også i krevjande situasjonar slik me opplever no. Det er likevel slik at kyrkja lyt følgja dei nasjonale, regionale og lokale råda som vert gjeve. Me får dagleg informasjon og råd/pålegg både frå bispekontoret, prosten og det lokale helseføretaket.
For Austevoll kyrkjelyd sitt vedkomande vert følgjande tiltak sett i verk, gjeldande for dei neste 14 dagane.

¤ Fellesmøte for sokneråd og tilsette torsdag 12.03 er avlyst.

¤ Det same er babysong og konfirmantundervisninga, andakten på PO-senteret og
neste seniortreff.

¤ Gudstenesta fyrstkomande søndag vert avlyst. Seinare gudstenester er pr. i dag
uvist. Blir det gudstenester, blir det med ein del restriksjonar. Maks 100 pers..
Berre annakvar benkerad vert nytta. Det vert ikkje nattverd og ikkje kyrkjekaffi. Det
vert heller ikkje bruk av salmebøker. Det vert tilgong på Antibac ved inngongen
som alle skal bruka og påminning om ikkje å handhelsa.

¤ Ved gravferder gjeld også eit maksantal på 100 personar og at annakvar benkerad
vert nytta. Me vil også oppmoda om at ein ikkje kondolerer ute ved grava og heller
ikkje handhelsar.

¤ Når det gjeld fasteaksjonen 2020 så blir den i år ikkje ein «dør til dør-aksjon» men
digital, via Vipps, fasteaksjonen.no og på sosiale medier, særlig Facebook.

¤ Påskevandring. Her kjører me same prosedyre som for skulen. Er det skule, vert
det påskevandring. Er det ikkje skule, vert påskevandringa avlyst.

¤ Julemusicalen som øver i Storekalsøy kyrkje avlyser øvingane inntil vidare.

¤ Også Stolmen kyrkjekor avlyser øvingane inntil vidare.

¤ Austevoll kyrkjekontor held ope, men nokre av dei tilsette vert tilråd å ha
heimekontor.

¤ Når det gjeld samtalegudstenesta og konfirmasjonane kjem me attende til dette i
Ei seinare oppdatering.

Situasjonen me opplever no, er uoversiktleg og endrar seg frå dag til dag, ein må difor ta atterhald om at det kan koma endringar. Arbeidsutvalet vil følgja situasjonen nøye og orientera soknerådet fortløpande om evnt endringar/nye tiltak.

Storebø 12.03.20
Austevoll kyrkjekontor
Jan-Tørres Nordstrand

Kyrkjeverja i Austevoll to