Kyrkja sin dag

Kyrkja sin dag har vore ein årleg tradisjon sidan 1000-årsmarkeringa for kristninga av Noreg. Fyrste gong var vi på Sandtorv i 1996 og er i samarbeid med velforeiningar rundt i kommunen, eit samarbeid som fungerer veldig godt.
Etter å ha prøvd 2 år på rad, var det inga pandemi som stoppa oss i år. Endeleg kunne vi gjennomføre Kyrkja sin dag på Møkster. Og for ein dag det blei!
Grunna veret vart det heile inne og det fungerte so greitt. Vi kom til flott pynta bord og vart møtt med ein nydeleg lapskauslukt.

Som vi pleier, starta vi det heile med gudsteneste. I år var den ved Jermod Hausberg og som ei sa, so klarte han seg bra. Med Maria Kuleshova på piano og Stolmen kyrkjekor vart det ein flotte ramme rundt det heile
Etter gudstenesta ver det tid for ei lita konsert med Maria igjen på piano. Med seg hadde ho Astrid Ana Felix Arenas og Ingelinn M. Hausberg på song. Og det var ikkje berre underteikna som felte nokre tårar. Det var so vakkert!

Vi avslutta dagen med deilig lapskaus, kaka og kaffi - alt heimelaga - det smakte so godt, og praten gjekk laust rundt bordet.
Ein stor takk til alle som var med og bidrog til at dagen vart so flott, takk til alle som kom og ikkje minst stor takk til Møkster vel for godt samarbeid og alt de har stelt i stand!

