Kyrkjevalet 2023

09.08.2023

Val av nytt Sokneråd i Austevoll sokn

RØYSTESTADER OG RØYSTETIDER

Ved val av nytt sokneråd i Austevoll sokn og val av nytt bispedømeråd/kyrkjemøte, røystar du fortrinnsvis på den staden du har adresse. Du har likevel høve til å røysta i ein av dei andre valkrinsane. Røysterett har den som er medlemmer i Den norske kyrkja, busett i soknet og som fyller 15 år i 2023.

Du har høve til å røysta på følgjande stader:

Måndag 11. september

Storebø valkrins: Storebø skule kl. 09.00 - 19.00

Selbjørn valkrins: Selbjørn skule kl. 09.00 – 19.00

Stolmen valkrins: Gamle Stolmen skule kl. 11.00 – 18.00

Storekalsøy valkrins: Grendahuset Øytun kl. 11.00 – 18.00

Hundvåkøy valkrins: Hundvåkøy samfunnshus kl. 11.00 – 18.00

Kolbeinsvik valkrins: Kolbeinsvik Montessori skule kl. 11.00 – 18.00

Drøna valkrins: Drøna bygdahus kl. 13.00 – 18.00

Vinnes valkrins: Vinnes aktivitetshus kl. 11.00 – 18.00

Møkster valkrins: Tidlegare Møkster skule kl. 12.00 – 15.00

Frå 10. august kan du forhandstemme digitalt på kirkevalget.no, trykk på «stem digitalt».

Frå 10.august kan du forhandstemme på kyrkjekontoret

Slik går du fram

¤ Du kan levera røystesetelen som den er.

¤ Du kan gje inntil tre personar ei tilleggsrøyst ved å setja X i ruta til

venstre for navnet.

¤ Du kan føra opp inntil 3 personar som ikkje står på lista.

Du kan ikkje gje desse tilleggsrøyster

¤ Du kan ikkje stryka kandidatar.

Val av bispedømeråd: Du set eit kryss i ruta til venstre for inntil 3 kandidatar

Stemmerett har den som er medlem av Den norske kyrkja, er busett i soknet og fyller 15 år 2023.

Lukke til med valet !

Valstyret for Austevoll sokn

Kandidatar soknerådsvalet 2023

  • Namn, alder, bur, yrke?
  • Offentlege og andre verv?
  • Kva funksjon vil du at kyrkja skal ha i kommunen vår?
  • Kva saker/arbeidsoppgåver vil du at soknerådet skal prioritera dei komande fire åra?


Eivind Hatlevik, 70 år, Storebø pensjonist.

2 Soknerådsmedlem.

3 Kyrkja skal vera open og inkluderande. Ta del i den lokale samfunnsdebatten og tydeleggjera kyrkja sitt syn i sakene.

4 Kyrkja skal vidareføra arbeidet med dei eldre i soknet. Me må arbeide for å tilretteleggja slik at dei unge og barna vil delta i det kristlege fellesskapet.


1. Anne-Kristine Bakke, 68 år, Økland, pensjonist.

2. Leiar i Hundvåkøy kvinne og familie lag. Varamedlem i styret i Austevoll husflidslag.

3. Eg ynskjer at kyrkja skal vera ein stad der folk kan koma både i gode og tunge dagar.

Eg er oppteken av at me må ta vare på dei kristne tradisjonane, men kyrkja må og vera open for fornying. Kyrkja må vera inkluderande ,slik at alle føler seg velkomne.

4.Kyrkja må halda fram med det gode arbeidet for barn, ungdom og eldre. Dei tilsette må ha gode arbeidsforhold.

Kyrkjene må vedlikehaldast. Me må og halda fram med utviding og vedlikehald av gravplassane.


1. Tor Magne Drønen, 42 år, Bakkasund. Skipper på Storeknut

2. Står på lista til Høgre

3. Kyrkja skal vera ein samlingstad for alle menneske, der alle er velkomne, og inkludert, i alle livsfasar. Viktig at det er ein lett og god stemning i kyrkja, med mykje fin musikk. For meg er det viktig at alle blir integrert i samfunnet og blir behandla likt, uavhengig av kjønn og legning.

I kommunen vår er kyrkja ein naturleg samlingsstad, både i sorg og glede. For at dette skal stå sterkt i framtida har eg trua på å tidleg ta born inn i kyrkja. Babysong er eit viktig tiltak her. For å fortsetje den tilknytinga har eg trua på at det også må vera noko der etter babysong. Eg hugsar godt sjølv når eg gjekk på søndagsskule som born, og dette er noko eg saknar i oppveksten til mine eigne born.

4 Viktig at kyrkja endrar seg i takt med samfunnet. For at kyrkja skal ha ein sentral plass i framtida er det viktig at barn og ungdom er i fokus. Dette i form av barne- og ungdomsarbeid. Kan nemne aktivitetsdagar, samtalegrupper og kor av ulike lag. Søndagsskule har eg allereie vore inne på. Samarbeid skule og kyrkja. Kunst og kultur på barnas premisser.

Viktig også å ha fokus på dei eldre som kjenner seg aleine og at kyrkja kan vera ein samlingsstad for dei. Ofte treng ein berre nokon å snakke med, andre gongar treng ein å bli litt aktivisert. Organiserte turar, sosiale kveldar og samtalegrupper er også noko eg har trua på.


1  Anne Marie Halstensen, 52 år, Vinnes, kontormedarbeidar på Austevoll kraftlag SA.

Nestleiar i Austevoll FrP, Vara i Soknerådet

3 Funksjonar eg vil at kyrkja vår skal ha er ganske enkelt at den skal vera open for alle. Den skal vera inkluderande og alle skal føla seg velkommen. Den må også fylgja med i tida og prøva å formidla på ein lett og enkel måte.

4  No har vi eit fantastisk flott apparat med gode folk som gjer ein super innsats på trusopplæringsdelen, og vi må ta vare på dei. Eg synest at austevollkyrkja er veldig god på arbeid med barn og unge, så det gjeld å fortsetja det gode arbeidet. Samt gjere kyrkja i Austevoll til å framleis vera ein god plass å vera slik at alle som ynskjer det kan koma å få ein pause og ein prat om dei vil. Vil ha ei folkeleg kyrkje som tek vare på barn og unge.


1. Elin Aarland Vaage, 45 år, Stolmen mannskapsansvarlig i eit fiskebåtrederi,

2. Leiar i Stolmen Kyrkjekor

3. Kyrkja er ein viktigare møteplass for mange enn ein ofte tenkjer over. Eg ynskjer at kyrkja skal være ein trygg, god og positiv plass der absolutt alle skal føle seg velkommen.

4. Dei unge - skapa gode verdier i trygge rammer.

Dei eldre - andakter og sangstunder.

Legge til rette for engasjement og fornyelse.

Musikk og sangglede.

Velholdte kyrkjebygg og kyrkjegardar.


1 Knut Inge Østervold, 66 år, Steinevik, ingeniør

2 Ingen

3  Den norske kyrkje bør være en evangelisk-luthersk folkekyrkje som stiller opp for innbyggarane i gleder og sorger, forvaltar sakramenta og forkynner Guds Ord med Bibelen som rettesnor.

4 Kyrkjelydsbygging, trosopplæring og diakoni.


1 Mons Olav Økland, 66 år, Økland, AFP

 Soknerådsmedlem, Valmedarbeidar ved Kommunevalet

3 Vera ei open kyrkje for alle

4 Vedlikehald av kyrkjene og gravplassane, samt hjelpa til ved arrangement i kyrkja.

1 Randi B. Storebø 66 år, Storebø, pensjonist

2 Har vore i soknerådet denne perioden, no nestleiar.

3  Eg ynskjer at kyrkja skal vera inkluderande for alle, ei folkekyrkje der alle som vil kan føla seg heima.

4  Viktig med trusopplæring som har ein flink gjeng med tilbod til alle aldersgrupper. Vonar arbeidsforholda blir lagt til rette slik at planane deira kan gjennomførast.


1 Doris Beate Bakke, 42 år, Bakkasund, barne og ungdomsarbeidar

2 Ingen

3 Eg meiner kyrkja har ein viktig rolle i kommunen vår. Og syntes det er klart at den skal vera inkluderande, slik at alle skal føla at dei er god nok.

4 Saker som eg bland anna vil soknerådet skal prioritera framover er barne og ungdomsarbeid, og Kyrkjemusikalsk virksomhet som kor, konserter og annet song- og musikkliv i menigheten.

 Hans Halstensen. 75 år. Bekkjarvik, Pensjonist.

2  Styremedlem i kraftlaget.

3  Ein plass alle kan føle seg velkommen anten ein er sterk i trua eller ikkje

4  Ta godt vare på ungdommen. Verne godt om kyrkja og gravplassen slik at folk finn fred og ro når dei vitjar kyrkja eller gravplassen sin


1. Hans Magnus Drønen, 72 år, Storebø Pensjonist.

2 Soknerådsmedlem, Styreformann Staaløy as.

3  Eg ynskjer at kyrkja skal vera ein stad der alle skal føla seg heime, ein stad både for barn, unge og gamle.

4  Det er barn og unge som er framtida vår, dei må me ta vare på. Barne- og ungdomsarbeidet håpar eg vert prioritert 


1. Torhild Vaage Stangeland, 59 år, Stolmen. Utdanna hjelpepleier, arbeider i skulen

2. Ingen

3. Eg ønsker at kyrkja skal være ei open, imøtekommande og inkluderande kyrkje som ser heile mennesket.

4. Eg ønsker at soknerådet skal følgje opp og utvikle det gode arbeidet som er i gang. Eg ønsker og at soknerådet skal jobbe for at kyrkja kan bli ein arena for alle.


Eirik Kalve 45år, Bakkasund. Jobber i Podtown AS

2 Ingen

3. Eg ynskjer at kyrkja skal byggja gode relasjonar innan idrett, kultur og sosiale aktivitetar.

Ei kyrkje som aktivt møter innbyggjarane i samband med trening, musikk og andre kulturinstutisjonar. Og aller viktigst ved å bidra til at tenåringane i kommunen får fleire fritidstilbod. Det vil vera svært positivt for Kyrkja dersom me kan tilretteleggja for at ungdomen har trygge og sosiale møteplassar på fritida, og at Kyrkja kan bidra i dette arbeidet binder gode relasjonsbånd for framtida.

4 Det er gjort mykje godt arbeid dei siste åra med oppussing av våre flotte kyrkjer, men nokre av våre gravplassar er fortsatt langt ifrå den standen dei burde vera i. Dette arbeidet må prioriterast.

Kyrkjene må ikkje stå tomme men opnast opp og brukast i fleire samanhengar. Då vil Kyrkja nå ut til fleire, og vera med å bidra ytterligare til eit inkluderande samfunn. Det å «sjå» ungdommen og skapa hyggelege møteplassar der alle er velkomne er ei svært viktig oppgåve.


1  Astrid Johanne Taranger, 76 år, Hundvåkøy, pensjonist

2  Styremedlem Østervold Eiendom AS

3. Ønsker at kyrkja skal være er sted der alle føler seg

velkommen. Kyrkja må arbeide for å gje ungdommen tilbud som gjer at dei får tilknytning til kyrkja (kor, sosiale tilstelninger etc)

4  Opprettholde kyrkjene i kommunen og holde gravplassene fine.


1 Lars Knut Aarland 63 år. Stolmen, Næringsdrivande

2 Kommunestyrerepresentant for Senterpartiet., Kontrollutvalgsleder.

3 Kyrkja må fortsette det gode arbeidet som i dag og fremje gode kristne verdiar.

4 Aktiviteten må spreiast jevnt rundt om i alle kyrkjene.  Det er bra med kulturinnslag i kyrkja


1. Edvard Johannes Stangeland, 76 år, Stolmen pensjonist

2. Soknerådsmedlem, Politikar og sit som medlem i fleire styrer

3. Oppretthalde dagens struktur og alle kyrkjene

4. Vedlikehald av kyrkjene og gravplassane våre


1. Janne Solrunn Meling Hausberg, 56, Barnehagelærer. Storebø

2. Ingen

3. Eg ynskjer at kyrkja i Austevoll skal vera ein god stad for alle å komme til, både store og små. Eg ynskjer at soknerådet skal prioritere barn. Utvide aktivitetstilbud til dei yngre borna. I trusoplæringa skal det vera ein aktivitet for kvar alder fra barnet er født til dei er konfirmert, det må også skal gjelde for Austevoll

4.Soknerådet bør jobbe for å betre lydkvalitet under gudstenester for dei som er hørselshemma. Gudstenester må kunne bli sendt direkte til po-senteret og Birgit tunet.


1.Kari Mathisen, 78 år, pensjonist, Solesvik

2. Frivillig i kyrkja

3.Eg er oppteken av at kyrkja skal vera for alle.

4. Fortsette det gode arbeide i kyrkja og passe på den gode og flinke staben ikkje brenner seg ut


1 Daniel Torsvik, 75 år, Hundvåkøy, pensjonist.

2 Soknerådsmedlem

3 Ynskjer at kyrkja skal vera som i dag, men kanskje med meir fokus på barn og ungdom, og dei eldre.

4 Eg vil at soknerådet skal jobba med alfakurs for unge og eldre, og prioritera høgt arbeide for barn og ungdom, og ikkje gløyma dei eldre. Elles må vi prøva å visa alle i Austevoll vegen til himmelen.