Ledige stillinger i Austevoll kyrkjelyd
Austevoll sokneråd søkjer:
Vikar for trusopplæringsmedarbeidar 80% stilling
Stillinga inngår i Austevoll kyrkjelyd sin trusopplæringsplan frå 0 - 18 år med hovudvekt på dei frå 11-18 år. Stillinga er ledig frå snarast - 09.04.23 med moglegheit for forlenging
Vi søkjer etter ein person som:
- Er positiv og ansvarsbevisst
- Har god formidlingsevne
- Kan undervise i den kristne tru
- Kan arbeida sjølvstendig og i team
- Viser initiativ og fleksibilitet
- Eit pluss om du meistrar song og musikk
Vikar for kyrkjetenar 60 % stilling
Vikar for kyrkjetenar i 60% stilling, frå juli fram til 01.09.23, med moglegheit for oppstart tidlegare.
Arbeidsoppgåver er:
- Gjera teneste ved gudstenestene i Austevoll kyrkje på Storebø
- Førebuing og deltaking ved vigslar, gravferder og konsertar i kyrkjene i Austevoll.
- Tilsyn, reinhald og enkelt vedlikehald
Vi søkjer etter ein person som:
- Er fleksibel
- Har gode samarbeidsevner
- Er ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Likar å omgå menneske
- Kommuniserer på norsk
- Disponerer eigen bil
Vaktmeister kyrkjene
Vi har ledig 50% stilling som vaktmeister ved kyrkjene i Austevoll.
Arbeidsoppgåver vil i hovudvekt vera vedlikehald på vinterhalvåret og delta i slåttarbeidet på sommarhalvåret
Vi søkjer etter ein person som:
- Meistrar vedlikehald
- Kan arbeida sjølvstendig og i team
- Er positiv og ansvarsbevisst
- Viser initiativ og fleksibilitet
- Har førarkort kl B
Til alle tre stillingane søkjer vi etter ein person som:
- Er medlem av den norske kyrkja
- Er ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt på alle stillingane
Vi tilbyr på alle stillingane:
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt kollegafellesskap
- Løn og arbeidsvilkår etter KA sitt avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
- Fleksibel arbeidstid
- Opplæring
Kontaktinfo: Kyrkjeverje: Karen Kvinge tlf: 55082602 / 9929 1547
Kontorleiar: Regine Hatlevik Otterå tlf: 55082600 / 9342 5963
Søknad med enkel CV sender du på mail: kk792@kyrkja.no eller
Austevoll sokneråd
Prestanesvg 41
5392 Storebø
Søknadsfrist: 10. april