Nytt konfirmantkull

29.08.2022

Då er vi i gong med neste vårens vakraste eventyr. 60 14-åringar har sagt ja til å konfirmere seg våren 2023.
Laurdag 27.august hadde vi konf-leir i Storekalsøy kyrkje, og det var ein spendte gjeng ungdom og vaksne som møtes for fyrste gong.
Dagen bestod av litt info, undervisning, mat, leik og vart avslutta med gudsteneste.

Tema for undervisninga var skapelsen. Ei av oppgåvene ungdomane fekk var å ta bilde av det Gud har skapt. Nokre bilde ser du her, andre vil du få sjå gjennom dette året, på Facebook, i kyrkjebladet... Så følg med. Her blir mange flotte blinkskot
Søndag var det presentasjonsgudsteneste i Austevoll kyrkje, og kyrkja vart ganske full etter kvart.
Gudstenesta var ved prestevikar Tor Håkon Eiken. Han har ein fantastisk formidlingsevne. Både laurdag og søndag sat ungdommane som nokre tente lys og høyrde på han. Vel, det var vel ikkje berre dei som sat som tende lys. Det er flott og høyre på Tor Håkon.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi ute. Og det smakte so godt!!
Ein stor takk til foreldre som hjalp til begge dagane. Vi er så heldige!  Det er mange kyrkjelydar i bispedøme som er litt misunneleg for den gode hjelpa vi får av foreldre, føresette og besteforeldre.  Utan dei hadde det ikkje vore det same 😊 No gler vi oss til eit år saman med denne fine gjengen !