Smitteverntiltak Austevoll kyrkjelyd

03.04.2020

Kjære alle i Austevoll. 

Etter pålegg frå Bjørgvin bispedøme og det lokale helseføretaket vil følgjande smitteverntiltak verta gjort gjeldande for Austevoll kyrkjelyd i tidsrommet 01.04.20 - 12.04.20

Gudstenester

Alle gudstenester er avlyst.

Dåp

Det kan haldast dåpssamling med foreldre og faderar etter avtale med soknepresten.

Gravferder/bisettelser

Det kan haldast gravferder/bisettelser, men berre med næraste familie til stades. Maks 20 pers.

Andre arrangement i kyrkjeleg regi

Alle andre arrangement i kyrkjeleg regi er avlyst

Konfirmasjon

Samtalegudstenesta og alle konfirmasjonane er flytta til etter ferien.

Felles samtalegudsteneste i Austevoll kyrkje onsdag 02.09.20

Laurdag 05.09.20 kl. 11.00 Austevoll kyrkje

Søndag 06.09.20 kl. 11.00 Austevoll kyrkje

Laurdag 19.09.20 kl. 11.00 Stolmen kyrkje

Søndag 20.09.20 kl. 11.00 Hundvåkøy kyrkje

Austevoll kyrkjelyd er lei for å måtta melda dette, men no står me saman i ein vanskeleg og alvorleg situasjon og me må alle gjera vårt for å avgrensa skaden, til beste for oss alle.

Har du spørsmål kan du ringe Austevoll kyrkjekontor tlf.: 55082600

Sokneprest Anne-Marie Sandve tlf.: 95441204

Austevoll kyrkjekontor 01.04.20   Jan-Tørres Nordstrand  Kyrkjeverja i Austevoll