Sokneprest i Fana prosti, Austevoll sokn
Langt ut mot vest, der landet møter sjølve storhavet, ligg Austevoll sokn, som fell saman med Austevoll kommune. Ved lune vågar og vikar ligg dei små bygdene i livd for nordvesten og sjødraget, og utmerker seg med ein storslått og vakker natur, med moglegheiter for eit rikt og variert friluftsliv, og med gode oppvekstvilkår.
Austevoll kommune har eit desentralisert busettingsmønster og rundt 5200 innbyggjarar. Folketalet er aukande. Det er brusamband mellom dei største øyane, med Storebø på Huftarøy som administrativt sentrum i kommunen. Satsing på fiskeri, havbruk og offshore har gjeve positive ringverknader for nyetablering og utvikling i Austevoll samfunnet. Austevoll kommune har ei ung befolkning med mange barnefamiliar, og me opplever at kyrkja står sterkt mellom folket her. Kommunen er såleis ein utfordrande og spanande kommune å bu i. Det er god kommunikasjon, både mot Bergen i nord og Stord/Haugesund i sør.
Austevoll sokn har 5 kyrkjer og 1 kapell. Det er rundt 65 forordna gudstenester i året, som er fordelt med halvparten i soknekyrkja på Storebø og resten på dei andre. I snitt er det årleg ca. 45 gravferder. Rundt 50 vert døypte kvart år, og oppslutninga om konfirmasjonen er god.
Austevoll sokneråd har trusopplæring som satsingsområde. Kyrkjelyden har eit misjonsprosjekt sør på Madagaskar blant fiskarfamiliar. Her arbeider ein etter metoden «Use your talents».
Den lokale staben utgjer i tillegg til soknepresten, kyrkjeverje, kontorleiar/trusopplæringsmedarbeidar, organist, kyrkjelydspedagog, trusopplæringsmedarbeidar, kyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar. Staben har kontor i trivelege og tenlege lokal på Storebø, nær Austevoll kyrkje.
Kyrkja i Austevoll er ein spanande arbeidsplass. Vi opplever at kyrkjelyden set pris på arbeidet vi gjer. Det er god oppslutning rundt tiltaka og arrangementa våre. Vi har eit godt samarbeid med skule, idrettslag, barnehagar og lokale foreiningar.
Den som vert tilsett kan få høve til å disponere ein stor og fin prestebustad, sentralt plassert med flott utsikt over småbåthamna på Storebø. Her i frå er det kort veg til barnehage, skule og butikkar.
For meir informasjon om kyrkja på Austevoll, sjå: www.kirken.no/austevoll
Prosten i Fana leier prestetenesta i prostiet og kallar jamleg prestane i prostiet inn til konvent med fagleg fordjuping og åndeleg fornying.
Målforma i Austevoll sokn er nynorsk, elles i prostiet varierer det mellom bokmål og nynorsk.
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. Politiregisterloven § 39 jf. Trossamfunnsloven § 20. Den som vert tilsett bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referanser vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Søknadsfrist:25.04.2021 Arbeidsgivar:Den norske kirke Stad:Storebø Stillingstittel:Sokneprest i Fana prosti, Austevoll sokn Stillingar:1 Heiltid / Deltid:Heiltid Tilsetjingsform:Fast Stillingsprosent:100 Webcruiter-ID:4368472021 Sosial deling :Arbeidsoppgåver
- Gudstenester og kyrkjelege handlingar etter oppsett plan
- Ansvar for konfirmantundervisninga i samarbeid med kyrkjelydspedagog
- Deltaking i trusopplæringstiltak
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand. theol. med praktikum eller tilsvarande / Mastergrad i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- Har evne og vilje til samarbeid, både i stab/råd og i lokalsamfunnet.
- Er ein dyktig forkynnar som kan formidle til ulike aldersgrupper
- Er fleksibel og evner å jobbe målretta
- Trivst i folkekyrkja og evner å finna språk og form som kommuniserer den kristne bodskapen i vår tid.
- Trivst med barn og unge, og er glad i å formidla til desse.
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilt regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Adresse Kyrkjekontoret Prestanesvegen 41, 5392 Storebø, Norge
Opne vegbeskriving
Kontaktinformasjon Kristin Sævik Litlere Prost i Fana 906 30 687
Cathrine Waaler Halstensen Personalsjef 996 25 480
https://23081200.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4368472021?language=nn&showExpired=False