Velkommen til Austevoll, Tor Håkon

Ein flott gjeng hadde funnet vegen til Stolmen kyrkje i dag til prestevikar Tor Håkon Eiken sin fyrste gudsteneste i Austevoll kyrkjelyd. Han kone Beate, sonen Markus og foreldra hans hadde også teke turen til Austevoll for å vera med han på denne store dagen
Sokneprest Jermod Hausberg, som for anledninga var medliturg, opna med gode ord og bøn for ofra i Oslo i går før han gjekk over til å ønskje Tor Håkon velkommen og leste opp fullmaktsbrevet frå biskopen. I september vil Kyrkjemøte gjere vedtak om at prestar under utdanning kan få fast tilsetjing. Så når Jermod i oktober trekke seg over i pensjonistanes rekkjer, ser vi for oss at Tor Håkon vert hans arvtakar. Det vert ei formell tilsetjingsgudsteneste i haust.
Det vanka mange og flotte ord etter gudstenesta til den nye presten vår. Han formidla på ein utruleg flott måte. Underteikna tenkte at dagens preik kan han ta opp igjen på presentasjonsgudstenesta av konfirmantane. Måten han markedsførte Bibelen og Jesus på vil vekkje interessa og nysgjerrigheten blant mange. Og konklusjon for dagen er at Gud elske oss alle!
Etter gudstenesta var det kaffi og kake og ingen fekk gå før dei hadde teke seg minst eit stykke kake. Tusen takk til Steinar på Joker Stolmen som kom med kaka og nysteikte tebørdstenger til oss på morrakvisten.
Tor Håkon seier han allereie kjenne på varmen frå austevollingane. Han set stor pris på dei som allereie har teke kontakt med han på butikken, i nabolaget, når han går tur... Han ser fram til å ta til med tenesta her hos oss. Vi også gler oss til fortsetjinga.
Du kan lese meir om Tor Håkon i neste kyrkjeblad og i Marsteinen i løpet av sommaren